Categories
Musikk

Dyster folkrock som varma

John Martyr & The Messengers leverte sitt bodskap på ein kort, men fin aften.

Den meir dystre tilnærminga i folkrock sjangeren er ikkje så vanlig i Noreg, derfor er det interessant at eit urørt-band som John Martyr & The Messengers utforskar meir denne tilnærminga. Mørk melankoli, dronete elektriske slidegitarar og banjoklimpring er noko som pregar lydbilete. Med tekstar om morbid humor, ulykkeleg og blodig kjærleik, depressivt menneskesyn og eit hovudfokus på religionsfrykt, parkerar dei bilen sin i same gata til Nick Cave, Townes Van Zandt og 16 Horsepower, og bankar på dørene deira. Martyren John og hans bodbringarar skulle då formidle denne mørke musikken til eit overraskande stort publikum denne laurdagskvelden.

Kvelden starta med oppvarming frå singer songwriteren Hanne Bergheim. Ho serverte behageleg melankolsk folk/pop og sang med ei fin stemme på sunnhordalansk dialekt. Det som vart litt av problemet med opptreden til Bergheim var mangel på variasjon. Låtmaterialet vart litt for monotont og til tider kjedeleg. At ho ikkje stilte med fullt band, men berre ein ekstra på gitar, gjorde til at låtane ikkje fekk heilt det lille ekstra det trengte for å engasjere underteikna som lyttar. Fullt band hadde derimot kveldens hovudattraksjon.

Med relativt god lyd og eit band som viste seg å vere eit godt liveband, leverte dei ein innhaldsrik og god konsert. Blant urørt-band er det ikkje alltid vanlig finne gode liveband, men her viste John Martyr & The Messengers som eit klart unntak. Eit godt samspel, teknisk gode musikarar og eit engasjement som påverka iallefall underteikna i positiv retning. To glimrande versjonar av den amerikanske hymna «Am i born to die» og Townes Van Zandts «Waiting around to die» vart framført som det var deira eigne. Låtane vart gitt ein meir rocka kledning, noko som fungerte veldig bra. Den mest kjente låta deira «Io», som har rotert jamnleg på country-svisj og dukka opp på spelelistene på P3, fekk ei ny lengre og tyngre drakt som løfta låta betrakteleg og stod fram som kveldens høgdepunkt. Bandet framstod som profesjonelle musikarar som viste fin kreativitet i framføringa av sitt eige låtmateriale i form av utforsking og fornying. Konserten var nok dessverre litt kort, men dette er forståeleg ettersom bandet er forholdsvis nytt og har ikkje nok låtmateriale til å fylle ein times lang konsert. Men forhåpentlegvis vil John Martyr & The Messengers markere seg sjølve som eit kreativt og interessant band i framtida, sjølv om dei beveger seg ut i eit musikalsk landskap som ikkje er blant dei meir populære her i landet.

Leave a Reply