Ein varm og humoristisk film frå Hawaii
Originaltittel: The Descendants. Regi: Alexander PayneÅ følgje familien King gjennom ei krise viser seg å verte alt anna enn kva ein forventar.
Hovudpersonen, spela av George Clooney, opplev noko av det verste som kan ramme ein familie. Kona hamnar i koma, og vil truleg aldri vakne igjen. Samtidig som han prøver å ta seg av dei to døtrene sine på best mogleg vis, må han bestemme seg for kva han ønskjer å gjer med det uberørte landområdet som han forvaltar på vegne av slekta. Griske søskenbarn vil selje til hotellutbyggarar, medan resten av befolkninga på Hawaii kjempar imot.
Filmen vekslar mellom å vere humoristisk og djupt tragisk, og mange vil nok kjenne seg igjen i dei ulike situasjonane som dukkar opp. Ærlege karakterar, kvikke kommentarar og uventa vendingar gir oss eit usminka bilete av korleis ein tragedie kan opplevast for ein familie. Samtidig får vi eit unikt innblikk korleis livet artar seg for dei fastbuande på ferieøya Hawaii. Clooney storspelar, og nykommaren Shailene Woodley er fantastisk i rolla som rebelsk tenåringsdotter.