Categories
Film og fjernsyn

Internt og platt om sosiale media.

Eit program som tek for seg Twitter og Facebook, måtte berre kome. Spørsmålet er om me ikkje klarar oss greit utan.

Program: «Tweet4Tweet».             TV-kanal: NRK3, torsdagar kl 21.40

NRK si nye humorsatsing framstår som den yngre og litt kulare systra til Nytt på Nytt. Panelet vert leia av Jenny Skavlan, som har med seg Hasse Hope, Øyvind Vogt og gjestar. Saman oppsummerar dei veka på Internet og i sosiale media.

I fyrste program er Lars Vaular og Vågard Unstad gjestar. Begge rapparar, og tjommiar, frå Bergen. I likskap med dei tre andre, har dei over gjennomsnittet mange fylgjarar på Twitter. Og medan Twitter er eit ope nettsamfunn, der alle skriv for alle, framstår paneldeltakarane som mest opptekne av kvarandre, og av andre kjendisar.

Vitsane kjem tett. Latteren derimot, sit ikkje særleg laust. Manuset verkar platt, og det er langt mellom dei klåre poenga. Dette vert understreka av at paneldeltakarande sin ironiske latter er meir framtredande enn latteren til publikum. Det største problemet er kanskje at ingen ser ut til å ha det særleg moro. Skavlan verkar usikker i programleiarrolla, medan Hasse Hope skrik etter å bli høyrt. Øyvind Vogt bidreg til å lyfte programmet noko. Han let til å gjere eit oppriktig forsøk på å få Internet-humor til å fungere som TV-underhalding. Diverre hjelper dette lite, då ikkje ein gong NRK ser ut til å ha lagt noko sjel i Tweet4Tweet.

Leave a Reply