Utan snarvegar har HBO med Game of Thrones igjen laga eit påkosta serieunivers av episke dimensjonar.
Sjanger: TV Drama. Originaltittel: Game of ThronesDer typiske fantasyseriar på TV heldt seg avslappa til grundig casting og påkosta kostymer og effekter, framstår Game of Thrones som noko nytt. Som eit friskt pust over ein søppelplass av mindre god TV innan denne sjangeren. Serien bygger på den prislønna romanserien til George R.R. Martin, der handlinga går for seg i ei fiktiv verd. Ei full av intrigar, krig, incest og magi. Ei verd der mektige familiar etter finn seg sjølv i ei dragkamp om trona til kongeriket Westeros.
Mange vil gjerne gå i møte med ein slik serie med skepsis, men det faktum at HBO står bak, teller gjerne for noko. HBO har aldri heilt klart å kopiera suksessen til the Sopranos, men med Game of Thrones gjer dei eit heiderleg forsøk. I motsetnad til seriar som Camelot og Merlin, framstår Game of Thrones som rå, ukonvensjonell, original og kompleks. HBO har sikta seg inn på eit vaksen publikum, noko det kompromisslause innhaldet av incest, barnedrap, sex og eit uttal komplekse karakterar med motstridande motiv ber vitne om. Denne tilnærminga kan kanskje tidvis sjå ut som eit bevisst trekk for å distansera seg frå snill fantasy, som til dømes Harry Potter og nemnte Merlin. Dette saman med det at ingen karakterar er enkle og ingen vil det same heile tida – litt som i verkelegheita – gjer serien til eit vellukka tilslag i seriekatalogen.