Categories
Musikk

Spenstig kammermusikkveld med talentfulle blåsere

Innlevd energisk samspel og sterkt trompetspill for imponert publikum, hovedinntrykket etter tredelt konsert med blåseinstrumentstudentane i sentrum.

Hvem: Studentkonsert med mest alle studentane på blåse- og strykeinstrument: Verk av Igor Stravinskij, Francis Poulenc og Richard Strauss. Griegakademiet kammerensemble under leiing av prof. Per Hannevold. Hvor: Gunnar Sævigs sal, tidleg fredag kveld

Den vel timelange stunden åpna med Igor Stravinskijs (1882-1971) Dumbarton Oaks frå 1938; for fløyte, klarinett, fagott, horn og strykere, komponert ved dattera sitt dødsleie, 1937. Det 15 mann store ensemblet som hadde innarbeidd verket denne veka, formidla fra første takt kjenslene til komponisten: Frå fløyte mot strykarar steig ”fuglekvitter” mot dystre undertonar fram i ei uroleg, nagande stemning og dei sarte element kom klart fram. Fiolinintroduksjonen i andre sats vart fulgt av veksel mellom soloinstrument som fagott og fiolin og klarinett i dialog, inkludert ein vár, men noko spiss tverrfløyte i eit fint, lyrisk samspel. Dei andre blåsarane låg dels over og bak kompet: Raske utfordrande, temaskifte over i mørke og djupe klangar vart godt løyst. Tredje sats starta med bestemt framførte, energiske anslag i bass i ”damptogtema”. Tema og tempovariasjonane i dei utfordrande Arnold Schoenbergaktige klangane vart framført presist. Avslutningsvise – på jazzspråket – skjetne klangar og ureine akkordar i hektiske parti med krevande undermelodiar, satte punktum for ei vellykka gjennomføring.

Neste post; Francis Poulenc (1899-1963) Sonate for trompet, horn og trombone frå 1922, var ein besetningsmessig sett sjelden, tre satsers sonate. Poulenc ønskte å komponere eit publikumsvennleg og jazzette verk. Innleiingstemaet gjekk slik mot det promenadeaktige med mjuk trompet. Trombonen var hardare i klangen medan hornet lydde mjukt om enn noko anonymt. Andre sats hadde vakkert framførte melodilinjer og skolert samspel, med ein kanskje svakt urein etterklang. Tredje sats med melodilinjer assosiert med klassisk sirkus- og promenademusikk, glei over i ulike variasjonar som i sluttaktane vert til herlege, rustne akkordar. – Trompetisten Magnus J. Sandåg utmerka seg på eit framifrå vis (med bagatellmessige unntak), i ein trio med god energi og driv. – Artig

Siste post var Richard Strauss’ (1864-1949) ungdoms-verk; Suite for blåsarar, opus 4 (i bdur) frå 1884c i fire satsar: Komponert før han var tjue, for eit 13 mann sterkt blåsarensemble (to fløyter, oboer og klarinettar, fire horn og ein tuba), var dette hans første store verk. Første sats åpna litt skarpt i klangen, men låt vakkert i dei mjukare overgangane. – Her var mektige klangar og dialogen fungerte godt mellom dei ulike orkesterdelane. Andre sats innleidde med Gershwinaktig klarinett og eit stilig parti med ”riff”. Mot eit nytt klarinettparti lydde det mjukt og vakkert i runde klangar, og satsavrundinga var fylt med entusiasme og energi! Tredje sats tok til med krevande teknisk parti for treblåsarane; i dialog fløyte mot fagott og fagottar mot fløyte/pickoloklarinett: Kraftig samspill der ein viste noko av det musikalske potensialet ein sit inne med, i ein energisprutande utøving. Fjerde og siste sats baud på artige klangar i instrumenteringa, enn om det brast ørlite i solotaktene og tubaen kanskje var vel anonym.

Alt i alt ei vellykka framføring prega av energisk samspel. Fortent trampeklapp!

Leave a Reply