Categories
Musikk

Svensk hyggjepop

Død og lengsel i eit leikent lydbilete.

Band: Laleh. Album: «Sjung». Plateselskap: Lost Army/Warner

Etter suksessen i 2005 har svenskiranske Laleh Pourkarim uteblitt frå popsfæras toppsjikte tross fleire forsøk. “Sjung” er Pourkarims fjerde studioalbum og hennar sterkaste bidrag hittil.

“Sjung” er eit kjensleladd ensemble av låtar med eit alvorleg innhald ikledd ein leiken rytmisk og folklorisk lyddrakt. Kontrastane står svært sentralt med hint frå Pourkarims iranske opphav i platas sterkaste spor “Elephant”, afrikanske innslag i “Samuel” og typisk popformat i radiohiten “Some Die Young”. Trass det vidstrukne rytmeomfanget fungerer det i sin heilskap godt. Det som derimot trekker albumet ned er enkeltspor som ligg under gjennomsnittet samt valet om å leggje inn tre svensksungne spor som avslutning på albumet. Platas heilskap vert med dette broten opp og avrundinga heng i lause lufta.

Likevel, Laleh har ei tiltalande røyst som utfyller låtane på ein eminent måte og “Sjung” bør gjer ho til ein ettertrakta attraksjon både på radio og i FestivalSkandinavia dette året.

Leave a Reply