Categories
Musikk

Lana Del Rey

Melankolsk flørtande.

Sjanger: Pop. Artist: Lana Del Rey. Album: Born to Die. Plateselskap: Interscope/Universal

«Born to Die» er prega av melodramatiske poplåtar fylt med strykarar og elektroniske RnB-beats. Tydleg nærvær av produsent Emilie Haynie, som også har produsert for Kanye West, gir plata preg av å vere ein mjuk RnB-produksjon.

Born to Die byr på eit bredt spekter tekstar som tideleg festar seg og gjerne like raskt vert eit irritasjonsmoment.

Det mest unike med plata er del Rey si stemme, prega av ein blanding av slepande vemod og flørtande sårbarheit. Sensuelt forførande og langsamt bedøvande forsøker  del Rey å trekke oss med inn i sin tåkete lengselsfulle tilstand. Til ei viss grad fungerer det, men det er grenser for kor lenge ein ynskjer å vere i tåka.

Låtane «Nation Anthem» og «Off to the Races » lettar stemning med raskare beats og ei aning livsglede.  Born to Die leverer solid pop med særprega sound og melodiøse låtar.

Leave a Reply