Categories
Musikk

Den drønnande fortsetjinga

Kva er det som går og går og aldri kjem til døra? Dylan Carlson sine gitarriff. Han kjem til slutt fram til døra, men det tar lang tid, veldig lang tid.

Sjanger: Americana/drone. Band: Earth. Album: Angels of Darkness, Demons of Light II. Utgiver: Southern/Tuba

John Cage sa ein gang: «Vist noko er kjedeleg etter 2 min, høyr på det i 4 min. Vist det framleis er kjedeleg, høyr på det i 8 min, så 16 min og til slutt 32 min. Ein vil då oppdage at det ikkje er kjedeleg i det heile tatt». Det er nettopp dette Earth handlar om; lange og minimalistiske tonar, men samtidig detaljrike og fascinerande musikalske atmosfærar.

Etter starten i 1990, har Dylan Carlson og hans band Earth utvikla seg frå å vere eit pioner band innan drone/doom metal sjangeren, til å verte eit meir svevande instrumentalt jazzband. Med debutalbumet Earth 2 – Special low frequency version sette Earth standarden for kompromisslaus drone musikk med tunge, vrengte gitar riff som det viktigaste og einaste elementet. Dette albumet er i dag sett på som eit pioner verk innan dagens doom/drone sjanger med band som Sunn 0))), Khanate og Sleep. Etter utgivinga av det tredje albumet Pentastar: In the style of demons, slutta Dylan Carlson fullstendig å lage musikk. Det tok så lang tid som 10 år før han starta opp igjen med låtskrivinga. I løpet av desse ti åra i eksil frå musikkscena, forandra Carlson stil og smak.

Sidan starten igjen i 2005 har Earth servert oss stemningsfull, mørk instrumental musikk. I fjor gav dei ut den første delen av eposet Angels of darkness, demons of light, som var ein mørkare og meir drønnande utgåve av den jazzete The Bees made honey in the lion skull frå 2008. Det som er den største forskjellen mellom desse to albuma, er bruken av cello. Celloen er også tatt med vidare på den siste plata deira, som er den andre delen av fjorårets album. Den har no fått ein større del av lydbilete og står fram som ein sentral del av det musikalske uttrykket til det nye Earth.

I for eksempel låta A multiplicity of doors er det celloen som bærer låta med både kraftig bassunderlag og tydelege melodilinjer. Instrumentet gir ein ny dimensjon til det minimalistiske lydbilete som har prega bandet før. Det er ikkje lenger melodilinjene frå Carlson sin gitar som styrer heile pakka til Earth, men også rungande C-tonar og svevande melodiar frå celloen.

Det har også blitt meir melodiøst enn førre album. The Corascene dog står fram som noko av det mest melodiøse bandet har produsert. Her får ein servert melodilinjer gjennom heile låta, med cello og perkusjon som ligger som eit slør på desse linjene.

Sjølv om denne utgivinga på mange måtar liknar mykje på den første delen frå fjoråret, er det likevel mykje nytt. Meir melodi, meir cello og mindre perkusjon. Etter fleire rundar i cd-spelaren legg ein merke til nye element heile tida. Det er eit meir kompleks lydbilete enn ein får inntrykk av ved første lytt. Ein tydeleg mørk tyngde ligger, som det alltid har gjort, og durar i bakgrunnen, mens melankolske og melodiøse gitartonar kjører av garde i framgrunnen.

Angel of darkness, demons of light part 2 står fram som det sterkaste og mest interessante albumet til Earth. Den vidareføringa dei har gjort med den amerikanske roadmovie-filmusikk stilen som dei har hatt sidan 2005, er oppløftande og til tider nydeleg. Spesielt på det mest melodiøse er det hypnotiserande å høyre på. Den amerikanske roadmovien har gått frå å handle om tidlause reiser i ørkenen til å handle om å røyke pipe saman med indianarar i ei mørk hole i Nevada-ørkenen.

 

Leave a Reply