Categories
Film og fjernsyn

Halvhjerta sleivspark

Vittig, men ikkje hysterisk. Drøy, men manglar brodd. Satirisk, utan å vere aktuell. «Nårje» har likevel sine lyspunkt.

Originaltittel: «Nårje». Kanal: TV 2. Sendetid: Torsdager 22.40.

Rare dialekter, falske tenner, rumpehumor og Otto Jespersen som sint, gammal mann. Det høyres kanskje kjend ut? Umiddelbart er det lite som ropar nyskapande, når ein høyrer om TV2 sin nye komiserie. Sketsjeformatet, med ulike karakterar som går igjen, har ein sett før, og Otto Jespersen, Henriette Steenstrup og John F. Brungot er kjende fjes for dei fleste. Kan denne gjengen saman by på noko nytt?

Serien gir seg ut for å vere eit opplysningsprogram, laga for at svenskane skal forstå oss nordmenn betre. Dette høyres ut som eit oppskriftsmessig utgangspunkt for skråblikk og satire, på vår bekosting. Skjetsjane byr på ei rekkje høve til å nikke gjenkjennande. Til tider er det òg veldig morosamt. I møtet med bonden som krevjer erstatning for ulven sine herjingar, alt frå fyllekøyring til kvinnemishandling, treff ein Jespersen på noko av sitt beste. Her er han i ei rolle han meistrar godt, og som ein har sett han i før. Kanskje er dette eit symbol på  ei endring i norsk fjernsynshumor, der han som tidlegare var kjend som den drøye og kontroversielle, no står for det trygge og velkjende? I så tilfelle let både  Steenstrup og Brungot til å vere klare til å ta på seg rolla som motpolen.

Dei to representerer det drøye, flaue og uventa. Ho som nyansatt, som set ut sine mannlege kollegaer med å fortelje om helga sine utskeiingar, før ho må gå for å «rygge ut en Snickers». Han i eit homoerotisk møte med fotballspelaren Freddie dos Santos, i traileren til den fiktive filmen Ekeberg Mountain. Sistnemnde blir meir flau enn morosam. Det er verkeleg grenser for kor mange gonger ein kan le av at det å det å setje den i krysset kan bety minst to ting.

Her er ein inne på noko av det som kanskje tydelegast svekkjer serien. Skodespelarane og fleire av premissa er gode, men manuset er ikkje med på å løfte dette opp til det potensialet ein anar at ligg der. I staden for å utforske spelerommet som ligg i klisjeane og stereotypane, tyr forfattarane til gjentaking av både gode og dårlege poeng.  Aktualitsaspektet ein kan forvente av eit satirisk progam, er meir eller mindre ikkje-eksisterande. Dei to tydelegaste referansane, er til Kaizers Orchestra og Brokeback Mountain. Ingen av dei skrik at dette er 2012.

Jespersen, Steenstrup og Brungot gir ein eit håp om at dette kanskje ikkje blir så verst, og at det kan vere verd å gi «Nårje» ein sjanse til.

Leave a Reply