Categories
Scenekunst

Verd å glede seg over

Lyserosa tråd i eit fantastisk skaparverk.

Hva: UKErevyen, NHH. Tittel: «iWorld»

Å opne revyen med å fortelle kor overraskande det er at så mange har kome, samanlikna med dei 20 publikumarane som stilte på førre revy, var gjerne å slå forventingane litt i trynet. Men smerten forsvinn fort, då vi møter dei to skapargudane Steve Jobs (Nicholas Roberts) og sjølvaste Gud (Knut Anders Thorset) i himmelen.

Jobs forsøker å overtyde både Gud og Jesus om at verda treng ei oppgradering, ei oppgradering i form av iWorld. Konseptet lovar ei enklare og meir lettvindt verd, og vi vert lova eit innblikk i dette fantastiske universet. Med dette er rammar for dei litt over 20 innslaga danna.

Knallsterke prestasjonar både innan song, dans, skodespel og parodiering er gjennomgåande prega av ivrige NHH-studentar som gir alt for å oppnå suksess.
Notidsrelevansen er tilstade gjennom heile revyen, frå kokainsmugling i Bolivia, politisk debatt, I-landshjelp, Justin Bieber-hysteri til ei avkledd Tone Damli som deltakar i «Hver gang vi møtes». Ikkje ein augeblink er prega av frykt for at dei skal feile. Studentane gir eit inntrykk av full kontroll gjennom heile revyen, og gir slik publikum muligheit til å lene seg tilbake og nyte revyen frå start til slutt.

Eit av høgdepunkta i første akt er parodien på landeplaga «Ring meg» av Gabrielle (Benedikte Sørbye), framført med slåande presise mimikkar og rørsler. Kaninar blir etne, drapstruslar utlevert, og energinivået er upåklageleg.

I andre akt møter vi «Diktatorkameratene» Saddam Hussein, Kim Jong-il, Osama Bin Laden og Gaddafi musikalsk foreina i helvete. Til melodien av «Se alltid lyst på livet», syng dei lukkeleg tekstar som «Vi lever under jorda, og trives med det. Føler oss hjemme, i helvete. Alle jævlers eget Grad Canaria». Akkompagnert av ivrig svinging av gitarar og andre våpen, samt kostymer som i seg sjølve er nok til at det rykker i lattermusklane, vert dette stikket eit av dei morosamaste.

I nummeret «Rap-poeten», serverer NHH-studentane ein reflektert kritikk av det banale ved rap-industrien. Poeten (Nicholas Roberts) utviklar i samspel med sin butler James (David A. Vekony) og si kone (Rikke Iversen) ein rap-låt beståande av dei mest sentrale ingrediensar og ordspel som er å finne i ein slik hit. Linjer som «Spankin that ass» og «Dancing hard to this motherfucking beat» vert framført med stor ironisk innleving. Skodespelet til dei to mennene, med hovudvekt på Vekony sine særprega butlerfakter, samt sterk songprestasjon frå Iversen, gjer nummeret komplett.

På tross av at vi med jamne mellomrom finn oss i himmelen saman med Gud, Jobs og Jesus, som diskuterer om verda treng oppdatering eller ei, fell den raude tråden noko vekk i dei ulike nummera. Det er rett og slett ofte vanskeleg å fange opp kva dei ulike innslaga har å gjere med sjølve ramma for revyen. Avslutninga, der det kjem fram at Jobs også ynskjer å oppgradere sjølve menneska, ber preg av eit noko desperat forsøk på å nøste innslaga saman til ein moralsk bodskap. Tråden er gjerne tilstade, men i ein noko utvaska og lyserosa versjon. Den vert noko vanskeleg å finne i virrvarret av fargar denne revyen suksessfult byr på.

Leave a Reply