Categories
Musikk

Underleg gjenbruk

Postmodernistiske, ufullstendige låter i uforløyst timelang konsert, der Hanne Hukkelberg ikkje innfridde for dei mange frammøtte.

Hanne Hukkelberg; vokal, gitar og diverse tangentinstrument og metallxylofon. May Solberg; 2. vokal og gitar 3, tangentinstrument, perkusjon og sampling. Ivar Grydeland; div. elgitarar (gitar 2) og koring. Lydteknikkar: Anders Åsebø. Hva: StåOppJazz. Hvor: Storelogen, Kvarteret. Dato: Laurdag 25. februar.

Kvelden åpna dunkelt lyssatt i mollriffa gitararfraseringar og samplet string. Hanne Hukkelberg si tekstlause vokal og 2. vokal i grynt vart støtta av ein perkussiv 2. gitar, i blått lys. Då Hukkelberg slo alarmklokkeklang på strengane heilt øverst på strengehaldaren, for å la alt stoppe bom og hoppe over i eit metalljazzinspirert mellomspell, teikna det bra når det illevarslande vart forsterka av ulvehylaktig koring i varsellys, men ei musikals artig avslutning fungerte heller tamt. Andre nummer åpna også mollstemt; vokal, vavagitar og strengeoverstryk med fiolinboge på gitar, samplet rytme i pulsslag i surfeaktige melodiliner, med Solberg på Korg: Det vokale låg seg i ein mystisk ekkoklang i eit forvirrande, rødt opplyst lydbilde i høgt volum.

Hukkelberg introduserte den ”smånervøse” trioen og låt tre: Brand new Wine (ny): Vokal i oing i beatriffa gitarrytmer, der overklang i vokalen utfylte orgel og stratoscastargitar: Samplet oing i spennande moment, bygde seg i alarmskingrande slutt 4. låt åpna med episk tostemt sang i moll som gjekk over i dur og ned i moll, framdreven av perkusjon i eit verk som gjekk tom for intensjon. 5. låt frå ”forrige album”; starta i 70-talls gitarsound og vokal i ekkosløyfe, med snev av de Dillosballade i stakkato rytme: I eit dels dansbart, noko uforløyst konsept med teikn til frisk energi.

Todelsslag i perkusjon og gitar og melankolsk klokkeklangbaserte melodilinjer på synt, innleia ei performanceaktig sjette låt; med harmoniserte akkordfraseringar dels henta frå 60-tallet.  Den 8. låta vart etablert på episk mollstemte triolaer i valsetakt, med ansporingar til vare vokalharmonier. Gitaranslaga la fint an mot stemningsskiftet; ved å svara vokalen opp i crescendo og stigande, energiske metalljazzrelaterte akkordar i mellompartiet. Vokalen låg elegant oppå metallrocka sologitar, i eit verk som ebba ut i raudt belyst feedback og anerkjennande applaus.

Neste ut åpna i kjente toneleie og melodilinjer hen i mot det musikalaktige, i dempa slag på cymbal. Koring fungerte nemnt i eit dels artig tema som brast i kakkafonisk crescendo før første del vert teken opp att.  Nest sist var My Devils (are my own,): Ein metalljazzrelatert, pompøs inntro glei over i (nok) ein melankolsk melodi, men ei djupere meining var sporbar i mollstemt song i tretoneklang, i grønt, etterkvart blinkande lys i ei surrealistisk, teatralsk setting. I avslutningsnummeret nytta Hukkelberg ”klokkespillet” sitt. Ho fylte ut akkorden med vokal i spennande melodilinjer som sto bra opp mot kompet. I dei lagnadstunge akkordane i det stakkato mellompartiet, fann ein assosiasjonar til vanndrypp. Form og rytme skifta til trav, i vandrande rødt lys og gitarriff frå 60-tallet: Visualiseringa vart teken opp av vokalen, klatrande i stort driv til ein etterkvart intens disharmoni, kvilande på Stonesaktige rockeriff på gitar, og avrunda av at alle tre klappa i utdempa travtakt.

Hukkelberg baud på korte låter av tre-fire, bitevise element, med instrumentale og speletekniske hentydingar til 60-70- og 80-tallet. – Pakka inn i dei ulike verkemidla, fungerte samarbeidet jevnt balansert, men både diksjon og konsistensen i materialet treng bearbeidast, skal konserten fungere utover postmodernistisk gjenbruk.

Leave a Reply