Categories
Film og fjernsyn

‘Drive’ leverer i fleire gir

Ei intens oppleving litt utanom det vanlege.

Originaltittel: ”Drive”. Regi: Nicolas Winding Refn. Med: Ryan Gosling, Carey Mulligan, Ryan Cranston, Albert Brooks, Ron Perlman, Christina Hendricks. Tid: 100 min. År: 2011.

Danske Nicolas Winding Refn gjer sin USA-debut med filmen ”Drive” og trår inn i dei prestisjetunge rekkene til verdas beste regissørar etter å ha vorte tildelt den gjeve regiprisen ved Cannes, kor filmen vart hylla med ståande applaus. Refn opererer som vanleg i ein klasse for seg sjølv med sin særeigne, men utsøkte stilart tidlegare sett i ”Pusher”-trilogien, ”Bronson” og ”Valhalla Rising”.

I ”Drive” møter me ein namnlaus protagonist som lever eit dobbeltliv som stuntmann for filmbransjen og mekanikar om dagen, og som fluktsjåfør for simple kriminelle ved mørkrets frambrot. Livet hans er å køyre rundt i dei trafikkerte gatene i LA, fram til han skiftar kjennskap med nabojenta Irene og hennar son. Nye prioriteringar presenterer seg for ”The Driver” og han vert etterkvart del av ei kriminell underverd som raskt snurrar ut av hans kontroll. Ein vert vitne til at hovudkarakterens splitta personlegdom bryt gjennom det stoiske ytre etter som plotet spissar seg til; frå ein roleg og mystisk mann til ein giftig skorpion villig til å gjere kva som helst for å verne om sine kjære.

”Drive” er rå og vakker som eit eksistensielt kunstverk du kjenner på kroppen, den liknar m.a.o. lite sine moderne, heller uoriginale, CGI-fylte slektningar med gjengangarar som Jason Statham og Vin Diesel. Det ligg ein utsøkt stil og balansegong over ”Drive”; mellom øm kjærleik og eksplosiv vald, fartsfylte, men realistiske, biljaktar og fullstendig stillhet.

Refn er kjend for å nytte seg av relativt brutalt skildra vald i sine filmar og det er ikkje noko unntak i Drive. Dansken ser ut til å ha ei forkjærleik for hovud og det vert skote, knust og stukke ganske omsynslaust, men likevel utan å overdrive. Filmen er gjennomgåande mørk både stilistisk, i humor og ikkje minst gjennom valden den skildrar; ein film i ekte neo-noir stil. Refns heller modige bruk av stillstand dominerer store delar av filmen og speglar seg igjen i minimumsbruken av dialog som overraskar, men verkar så absolutt i hans fordel. Gjennom stillstanden og eit langsamt tempo vert karakterane forma og protagonistens og Irenes gryande kjærleik for kvarandre vert formidla gjennom små smil og lange blikk i staden for unødig dialog.

Skodespelarstaben gjer sjølvsagt sitt for at ”Drive” fungerer så godt som den gjer. Ryan Gosling skin gjennom i rolla som den namnlause og stoiske protagonisten, ein karakter som tydeleg er inspirert av både Steve McQueen og Clint Eastwoods ”Man With No Name”. Carey Mulligan gir oss ein yndig og uskuldig karakter i Irene. Albert Brooks både overraskar og imponerer stort i rolla som den augebrynslause, mafiaknytte Bernie Rose og er skremmande god med tanke på hans heller komiske fortid. Ryan Cranston leverer som vanleg i rolla som protagonistens medlidande manager og farsfigur. Ron Perlman er den einaste som trekker det heile ned eit hakk og overbeviser ikkje som den usympatiske og utilreknelege Nino.

”Drive” er ikkje ein film for massane, men for oss den fangar setter den sine spor. Samla sett er dette eit av årets høgdepunkt og definitivt ein film verdt å sjå igjen, og det snart.

Kvifor ”Drive” ikkje var del av Oscar-festen forstår ikkje eg.

Leave a Reply