Categories
Film og fjernsyn

Humoristisk fasadesamanbrot

Velspilt og humoristisk byr ein våt draum av eit skodespelarensemble på eit fascinerande djupdykk i det urbane menneskets psyke.

Kva lurer bak ytret hjå eit suksessrikt storbymenneske? Bak høflegheitsfrasar, halvhjerta smil og tilsynelatande plettfri danning? Alt anna enn det førsteinntrykket tilseier, om ein skal ta karakterane i Carnage som dømer. I Carnage er det mennesket bak fasaden som står i sentrum, og kva som skjer med dette mennesket i ein trong leilegheit, full av krangel, og med ei stadig mindre velfylt flaske eksklusiv skotsk whisky. Bak den plettfrie fasaden skjular det seg nemlig alt anna enn det plettfrie – heller sinne, smålegskap, både håplause og kyniske ideal, alt pakka inn i komisk teft framført av eit skodespelarensemble ein sjeldan ser makan til.

Christoph Waltz, Kate Winslet, John C. Reilly og Jodie Foster er nemleg alle som  ein svært overbevisande i sine roller. Waltz er like overbevisande som overlegen kynikar som han er overlegen som kynisk antisemitisk i Inglorious Basterds. Jodie Foster imponerar som diplomatisk elitist, med stadig meir synlege, og sterke, underliggande følelsar.
Dei underliggande, undertrykte følelsane er nemleg i sentrum i teaterstykket God of Carnage som Roman Polanski her har overført til lerretet. Det heile startar med ein krangel mellom to skuleungar, gutane til dei to para. Eine guten ender opp med to utslåtte tenn, foreldra til den andre guten møter så opp i leilegheita til Foster og Reilly, for å løyse det heile så sivilisert som mogleg. Og det heile startar sivilisert. Ein anar derimot tidleg kor det heile vil enda. Penelope Longstreet – Foster – viss idè det var å invitere det andre paret på eit forsonande besøk, startar tidleg å irritere det andre paret med sine høgtsvevande humane ideal. Mannen hennar, Michael Longstreet (Reilly) skal for ein kvar framstå forsonande. Nancy Cowan (Winslet), ei dame konstant på kanten av eit emosjonelt stup, har allereie tidleg eit openbart problem med mannen, Alan Cowan (Waltz), sin overberande oppførsel. Waltz klarer kunstykket å framstille Cowan som irriterande og typisk buisness-mann, utan å la det gli over i det parodiske. Saman med humoristisk teft, byr han og resten av ensemblet på ei knippe flaue og herlige augeblikk. Kate Winslet fortenar og å bli nemnt i denne samanheng, men så visste ho allereie i serien Extras at ho innehar humoristisk teft til tusen.

Carnage er ikkje ein typisk film, langt ifrå. Her er ingen oppblåste budsjett der ein tredjedel av budsjettet går til Tom Cruise, ein tredjedel til bomber og granatar, og siste til ei lita horde med meir botox enn talent. Dialog føregår nemleg berre mellom dei fire, og berre mellom husets – leilegheitas – fira veggar. Slik ender filmen nesten opp som eit psykologisk eksperiment i regi av Polanski – noko som aleine kunne blitt slitsamt, men som reddast av humoristisk teft hand i hand med nemnte, sikleverdige, skodespelarprestasjonar. Desse gjer oss ein humoristisk studie i kva som eigentleg skjular seg bak den perfekte fasaden til det moderne suksessrike storbymennesket. Bak det plettfrie ytre av høflig danning, finn ein nemlig ikkje stort anna enn kynisme, smålegskap og forakt.

Leave a Reply