Categories
Bildekunst

Noko å ha på veggen

Pent kuraterte tresnitt.

Hvor: Bergen Kunsthall, 9. Mars – 8. April 2012. Med: Matthew Brannon, Andrea Büttner, Annette & Caroline Kierulf og Thomas Kilpper. Kuratert av: Solveig Øvstebø og Steinar Sekkingstad.

Matthew Brannon, Andrea Büttner, Annette & Caroline Kierulf og Thomas Kilpper viser primœrt tresnitt, og er kuratert på ein gjennomført måte av Solveig Øvstebø og Steinar Sekkingstad. Trykketeknikkane, som er eit sentralt omdreiningspunkt i utstillingen, peiker tilbake på dei første massemediene. Kommunikasjon og tegn er tydelege tema, og tekst og bilete vert kombinert i dei fleste verka. Sjølv om dei subtile fortellingane i installasjonen til Brannon skil seg frå til dømes Kilpper sin politiske kommentar i form av treutskjeringar, framstår utstillinga i ein slags heilskap. Det at det er relativt få kunstnarar gjer at det ikkje blir anmasande, og kvar kunstnar får god plass.

Kierulf og Kierulf sine individuelle tresnitt har same tematiske ramme. Verka står om ein annan, og dei utfyljer den andre konseptuelt. Dei assisterer kvarandre i produksjonen og det er vanskelig å skilje den ein frå den andre. Mens tidlegare verk ofte har vore meir teksttunge, fungerer dei relativt små og tidvis humoristiske tekstane i desse tresnitta svœrt godt, og er med på å gjere verka meir tilgjengeleg. Deira verk dominerer utstillingen og er som eit bindeledd til dei andre kunstnarane.

Brannon arbeidar med ei rekkje medier, og er mest kjent for sine serier med grafiske trykk. Her bidrar han med ein estetisk installasjon i behagelige farger og former. Det kan minne om ei teaterscene. Og det er vakkert, ja. Men ei tom teaterscene med sukkersøt scenografi kan også gje ei kjensle av at noko ikkje er som det skal. Her fins subtile narrativ som kan få oss til å spørje kva det er som lurer under det søte. Dette er en kontrast til resten av utstillinga, som ikke er utprega nydelig, men derimot er den meir pen og grafisk designaktig. Bilete til å ha på veggen, så å seie – eller ikkje. Kilpper sin Without Title er ei massiv utskjering, liggande på golvet. Som så ofte har verket hans eit eksplisitt politisk innhald. Her kan vi skimta, og bokstaveleg tråkker vi på Siv Jensen, danske Anders Fogh Rasmussen, Berlusconi, Le Pen og andre, for det meste politikarar fra ytre høgresida, 33 til saman. Utskjeringa kan nyttast til å trykke tresnitt i eit stort format. Resultatet kan ein sjå om ein går ut på baksida av kunsthallen. Ved å sjå utskjeringa og ikkje sjølve trykket ser vi tydeligare kor mykje arbeid som ligg bak eit slikt verk, og det imporerer, sjølv om det ikkje er like overveldande som eit trykk på veggen.

Büttner sine arbeid er dei fyrste ein ser, men dei som gjer minst inntrykk. Ho er ein kunstnar som arbeidar med forskjellige uttrykk, og har tidlegare gjort seg bemerka med tresnitt i stort format. Tidlegare har ho utforska fråveret av arbeid ved å bruke andre sine produksjonar i eigne verk, men har ho her gjort tresnitta sjølv. Desse monotome tresnitta er ikkje like interessante som hennar andre, meir konseptuelle verk, og samanlikna med dei andre kunstnarane i Bergen Kunsthall er ho den lettaste å gå forbi.

Overskrifta med at dette er noko ”å ha på veggen” er ikkje ein sarkastisk kommentar. Det er positivt meint, og eg synes verka kjem til sin rett saman som utstilling og som enkeltverk. Sjølv om det ikkje tyder at kunsten manglar konseptuelle idear er det befriande å sjå samtidskunst som ein kunne tenkt seg å henge på veggen heime.

Leave a Reply